Lokale nyhende frå Ytre Sogn 21. september 2018
Ytre Sogn 21. september 2018

Brage Bjørkhaug Bergset har laga straffe, men det får ingen konsekvensar når ballen går til side for mål.

Tung start for Høyang 2

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 26. april 2018

Høyang 2 fekk solid motstand i serieopninga heime mot Studentspretten 2. Bortelaget trykte på frå start, sprang meir enn heimelaget og var meir nøyaktige med pasningane.

Brage Bjørkhaug Bergset var høgt og lågt gjennom heile kampen mot Studentspretten 2. Trass i åtte baklengs, meiner underteikna at målvakta var heimelaget sin beste spelar. For resultatet kunne vore mykje verre. Nullen sprakk etter seks minutt. Då hadde Studentspretten 2 fått to corner på rad, og Fredrik Røed sette den andre i mål. Han opna med det skåringskontoen som skulle fyllast godt opp i første forsøk.

Steinar Hjetland Eskeland skåra eitt av måla til Studentspretten 2 mot moderklubben.

Les meir om kampen i Ytre Sogn fredag

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord