Trym (13) fekk trene med førebiletet


– Det er ei ære å få trene med han. Ja, det er like stort det, som å klippe snora, seier Trym Høyvik (13) med eit stort smil.
Han fekk nemleg gjere begge deler då Tufteparken i Høyanger opna torsdag kveld.

– Det er viktig at alle finn aktivitetar som dei vil vere med på, sa ordførar Petter Sortland i talen sin. Her er han saman med (f.v.) Grete B. Ulvestad, Lasse Tufte og May Lisbeth Svarstad. – Det er viktig at alle finn aktivitetar som dei vil vere med på, sa ordførar Petter Sortland i talen sin. Her er han saman med (f.v.) Grete B. Ulvestad, Lasse Tufte og May Lisbeth Svarstad.

Sjølv om vêret ikkje var på arrangøren si side, hadde rundt 50 personar funne vegen til den nye treningsparken, like ved Høyangerhallen. Dei fekk med seg både velkomsttale ved ordførar Petter Sortland, blomsteroverrekking og servering av mat og drikke innandørs før turen gjekk ut i regnveret til snorklipping – og sjølvsagt – demonstrasjon av dei ulike apparata i Tufteparken. Det siste fekk grunnleggjar Lasse Tufte, som var til stades på opninga, hjelp til av Trym Høyvik (13). Han er nemleg blant dei som har ivra mest for at Høyanger skal få eit slikt treningstilbod.

– Eg har alltid likt best å trene med mi eiga kroppsvekt, slik ein kan her. Å trene med vekter likar eg ikkje. Difor er ein park som denne perfekt for meg, seier han og smiler.

Han fortel at han har masa på kommunen om det i sikkert to-tre år.

– No er den endeleg ferdig, og den vart endå betre enn eg hadde trudd, seier Trym.

Les meir i papirutgåva!