Trur på NM-medaljar


Den 17. – 19. februar kjem norgeseliten i biljard til Sørbøvåge. Den tradisjonsrike biljardklubben i Hyllestad skal vere vertskap for Junior NM. Arrangørklubben har stor tru på god medaljefangst.

Dei unge og lovande talenta frå Hyllestad Biljardklubb skal denne helga konkurrere i Pool, 10-Ball og 14.1. Det er Jenter U 19, Gutar U 19 og Gutar U 17 som deltek. Her stiller klubben med spelarar som trass sin unge alder allereie har oppnådd sterke resultat. Vilde Mary Dingsøyr Holme og Nina Skresholdt Torvund deltok i 8-ball i Oslo i januar, der Vilde tok bronse og Nina sølv.

Nina Skresholdt Torvund seier til Ytre Sogn at målet i NM Junior er å vinne gull i begge disiplinar. Ho har delteke på nesten alle NM for damer og Open sidan 2015.

- Medaljar eg har tatt i NM så langt er fire gull, fire sølv og to bronse i junior (jenter) og ein sølv og ein bronse i NM damer. No ser eg fram til ein meisterskap på heimebane.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!