Trollebø med hat-trick


Smågutane til IL Høyang spelte tysdag kveld sin siste heimekamp før Lerum Cup og sommarferie. Motstandar var Bjørn. Laget til Tore Ytredal og Anders Breidvik spelte underhaldande fotball og laget frå Indre Sogn hadde i realiteten ikkje ein sjanse.

Dei unge Høyang spelerane spelte flott saman og ballen gjekk på ei berøring så sant det let seg gjere. Noko omstendeleg vart byrjinga, men Bjørn fekk nesten ikkje låne ballen. Nabeel Amir Makawi Zeynalabedien var arkitekten bak det meste i angrepet til heimelaget, men han fekk ikkje ballen i mål. Det gjorde derimot Sindre Ulvestad etter 18. minutt, då han med eit godt plassert skot fekk heimelaget i leiing med 1-0. Fire minutt seinare auka Bernard Breidvik til 2-0 med nok eit godt skot. Fleire må vart det ikkje i 1. omgang.

Andre omgang starta med ny dommar. Svein Inge Bergset som på kort varsel sa ja til å dømme måtte gå etter ein omgang. Han vart erstatta av Jarl Ulvestad. Begge dømde godt!

Marius Fossen opna skåringskontoen for andre omgang med ei perfekt heading etter 41 minutt. Rett under tverrliggaren og utan sjanse for keeper. Det er kjekt å sjå når spelarar slår seg laus på bana og smilet til Nikolas Trollebø smitta over på oss andre som var til stades. På under 15 minutt skåra han ekte hat-trick og når kampen var over hadde han i tillegg hatt tre skot i stonga, den eine direkte frå corner. Nabeel forsøkte og forsøkte og det er nesten utruleg at han ikkje kom på skåringslista. Marius Fossen fekk nok ei heading i mål og auka leiinga til 7-0 etter 60 minutt, før Bernard Breidvik fastsette sluttresultatet til 8-0 med eit kanonskot åtte minutt seinare.

Forsvaret gjorde jobben sin og heldt nullen, til tross for gode forsøk frå Bjørn mot slutten av kampen.

Lerum Cup startar fredag. Smågutane møter der Sandviken, Eikelandsosen og Masfjorden/Brekke.