Trening skal hjelpe folk tilbake i jobb


- Trening kan vere ein viktig del av det å kome tilbake i jobb, seier Anne Tove Sjøthun Nyheim, leiar for NAV Høyanger, om tilbodet dei no startar opp. Med seg har dei fått Malin Frøyen Bergset, som har erfart nettopp det.

Ho hadde sjølv utfordringar knytt til jobb og helse, men trena seg opp att på eiga hand. No greier ho seg utan medisinar - og er henta inn til å leie det nye tilbodet hos NAV Høyanger.

- Eg trur det kan ha betydning at dei møter nokon som har vore gjennom det same, og har greidd å trene seg opp att. Eg håper at det kan hjelpe i alle fall nokre på veg, seier Malin Frøyen Bergset om det som er meint å vere eit lågterskel tilbod, anten enkeltvis eller i grupper.

Leiar for NAV Høyanger, Anne Tove Sjøthun Nyheim, fortel at dei i 2017 søkte om tilskot frå Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet med tanke på å utvikle tenestene gjennom å bruke personar som sjølv har hatt erfaring med å stå utanfor arbeidlivet, av ulike grunnar. Dei mottek rundt to millionar kroner, og har tilset såkalla erfaringskonsulentar.Erfaringar og kompetanse dei sit med vert brukt i møte med dei som no brukar tenestene deira.

- Vi har allereie tre slike konsulentar. No blir også Malin ein del av prosjektet, seier Nyheim.

Les meir i Ytre Sogn fredag!