Treng strikkeglade hjelparar


– Ved å bidra med å strikke sitjeunderlag, tøflar, eller lappar til teppe er folk med på å setje sitt preg på Synkenhytta, seier Maria Brendehaug Petersen og Grete Bjørnsen Ulvestad i Høyanger kommune.

Stadig fleire dagsturhytter kjem no på plass rundt om i kommunane i Sogn og Fjordane, også den på Høyangerfjellet.
– Til hytta , som vi håpar turglade folk vil bruke flittig heile året, treng vi no flittige hender som kan strikke til dømes underlag til å sitje på, eller tøflar som kan brukast inne i hytta.
Maria Brendehaug Petersen og Grete Bjørnsen Ulvestad, som begge jobbar innanfor tenesteområdet Kultur og folkehelse i Høyanger kommune.

Setje preg
Dei fortel at idéen til dette har dei fått frå ein del andre kommunar som har gjort det same.
– Vi tykte at var ein fin idé, og på den måten kan ein også vere med og setje litt personleg preg på hytta. Den vil også bli brukt til lesestundar av både skular og barnehagar, og då blir det ekstra hyggjeleg å ha noko fargerikt rundt seg. Planen er også å ha strikketøy og garn liggjande på hytta, slik at dei som har lyst kan strikke medan dei er der, fortel Ulvestad og Petersen.

Les meir om saka i siste utgåve av Ytre Sogn.