Trenarteamet til A-laget er på plass


– Det var eit naturleg val å fortsetje som trenar etter ein så god sesong, seier trenar for A-laget til IL Høyang, Leif Arne Tveit.

Saman med Miguel Angel Maureira Molina og Mauricio Alejandro Hernadez Contreras leia han A-laget til IL Høyang til KM-tittel og opprykk frå 5. til 4. divisjon. No har suksesstrioen gitt styret i fotballgruppa beskjed om at dei alle er med også komande sesong.
– Miguel og Mauricio gjorde ein stålande jobb med spelarane denne sesongen, og eg er glad for at dei også er med vidare. Det gjorde det lettare for meg å seie ja også, seier Leif Arne Tveit, til Ytre Sogn.

Les meir i Ytre Sogn fredag

A-laget vart KM-meister og rykka opp til 4. divisjon i 2018-sesongen.