Trenarskifte i Høyang


–Sjølv om ikkje alt er i boks enno er det mykje som talar for at eg blir hovudtrenar for 4. divisjonslaget til Høyang i fotball komande sesong. Det seier Ketil Karlsen til Ytre Sogn.

Han seier også at han vil, dersom alt går i boks, få med seg Ingebjørn Grønvold. Begge er i samtalar med klubben.

–Men trenarteamet kan bli større enn det, seier Karlsen.

Motivasjonen borte

Leif Arne Tveit har vore hovudtrenar dei to siste sesongane. Han gav nyleg styret i fotballgruppa melding om at dei måtte sjå på andre alternativ i 2017-sesongen.

–Det er ei totalvurdering som ligg bak avgjersla mi. Eg merka i haust at motivasjonen kunne ha vore litt betre enn det han var. Skal ein ha ei slik oppgåve må motivasjonen vere 100 prosent, og ikkje 95. Å vere trenar for A-laget til IL Høyang ser eg på som ei svært viktig oppgåve. Det som skjer med A-laget er viktig både for klubben IL Høyang og Høyanger som stad, seier Tveit.

Han meiner at når han ikkje er 100 prosent motivert bør andre få sjansen.