Tre vil bli helse- og omsorgssjef i Høyanger


Høyanger kommune har fått tre søkjarar til stillinga som kommunalsjef for helse og omsorg etter 2. gongs utlysing.

Første gong stillinga vart lyst ut fekk dei berre éin søkjar.

-Vi kjem til å gå gjennom desse i løpet av onsdag denne veka, for å sjå kven vi skal ha inn til intervju. Vi kunne sjølvsagt ha tenkt oss ein større søkjarmasse, men vi har fått inn dei tre, og tek stilling til det, seier personalsjef og assisterande rådmann Arnvid Hovland i Høyanger kommune til Ytre Sogn.

- Prosessen vidare blir nok bli å prøve å få til dei første samtalane allereie ut i neste veke, og sjå om det er ein ny helse – og omsorgssjef blant dei, seier Hovland.

Dei som har søkt er:

* Hildegard Valland (51), Voss, verksemdleiar.
* Birgitte Ødegaard (50), Bergen, HR-rådgjevar

Den siste vil ikkje ha namnet sitt offentleggjort. 

Som Ytre Sogn har fortald tidlegare gir noverande kommunalsjef for helse og omsorg, Ingun Indrebø, seg no i januar, for å bli assisterande seksjonsleiar i Helse Førde, og vere med og byggje opp ny sengepost innan sikkerheit/psykose ved Psykiatrisk klinikk i Førde.