Lokale nyhende frå Ytre Sogn 2. juni 2020
Ytre Sogn 2. juni 2020

- Korleis stiller Norsk Hydro seg til å rive trappene og trallebana dersom dei eig grunnen? spør Olav Giskeødegaard.

Trallebane og trapper eller ny «gammal» sti?

Olav Giskeødegaard, Kvamsøy/Balestrand | Publisert: 20. mai 2020

«Eg synes det er på høg tid å få Norsk Hydro på bana, dei burde ha ei meining om denne saka sidan dei er ein av dei største grunneigarane i Høyanger og Høyangerfjella», skriv Olav Giskeødegaard i innlegget sitt.

Viser til Ytre Sogn 12.05.20 og mitt lesar innlegg i Firda, SA og YS 21.02.20. I tillegg lesarbrev i YS, SA 13.12.16.

Saka gjeld opprusting av den gamle stølsvegen til Nova framme i dalen i Høyanger. Denne stien finns fortsatt og går parallelt med trappene, røyrgata og trallebana. Mine tidligare innlegg handla om å ta vare på eksisterande anlegg; trapper, trallebane og røyrgata. Og å drifte dette mot turisme med sykkel og ski. Anleggsvegen er der, og stiane ned til Balestrand treng opprusting for betre sykkelferdsel.

Det er prisverdig å ville ta vare på stølsvegen. Men her vert det flytta fokus frå ei verkeleg turistsatsing med trallebane sykkel og ski, samarbeid med Balestrand, ribbar og hotell, til ei minimal satsing som sjuande og sist gagnar svært få. På meg verkar det som ein rein «avledningsmanøver», slik at trappene og trallebane kan bli rive utan diskusjon.

Planen er å satse tre millionar kroner på nåverande sti som og er den gamle stølsvegen. Den kan fortsatt brukas som den er. Er steinlegging med trapper og grus akseptert, eller vil det øydelegge den gamle historiske stien? I Vassdalen var stølsvegen som går fra demningen der til Stølsvann og Monsdalen nesten verneverdig? Det vart rabalder da kraftlinja blei fornya og stien vart omgjort til ATV veg. Her skulle stølsvegen sjå ut som den alltid hadde gjort.

Kvifor ikkje nytte same sum til å oppgradere til sykkelsti frå enden av anleggsvegen i Eriksdalen til Balestrand?

Eller bruke desse millionane til vedlikehald av trappene, røyrgata og trallebana?

Kva med bruken av stien om vinteren? Skal ein ta skia på ryggen eller brøyte seg opp i laussnø? Det blir berre dei som får nytte tunnellen som får gleda av skiturane i Eriksdalen når stien er nedsnødd.

Det vert sagt at slike stiar burde andre og starte med. Eg vil nemne at dette er noko Balestrand og Høyanger har gjort i årevis med Jørgen Hundseth i spissen. Den mest omfattande er laga frå Esebotn til Keipen med hjelp av sherpaer. Som en kuriositet kan nemnast at Keipen er eit ynda mål på ski nettopp frå enden av trallebana i Høyanger og ned til Balestrand. Elles finns det mengder av opp merka stiar frå Balestrand til Lavik.

Eg har fortsatt ikkje fått svar på mine spørsmål til næringssjef eller Statkraft i førre lesarinnlegg. Om det er fordi kommunen har lite interesse av saka, eller heller vil satse på småskala turisme, veit ikkje eg.

Eg synes det er på høg tid å få Norsk Hydro på bana, dei burde ha ei meining om denne saka sidan dei er ein av dei største grunneigarane i Høyanger og Høyangerfjella.

Det har seg slik at Øren (ved fjorden) og Erikson (på Dale) gardane vart kjøpt av NACo i ca 1915 på grunn av fallrettar og område til fabrikken. Desse kjøpa og meir til kan ein finne alt om i Riksarkivet. Desse to gardane er fortsatt grunneigarar(ofte 1/3) av store fjellområder som til dømes i Eriksdalen, Hjellene, Gautingsdalen, Monsdalen og område rundt.

Første spørsmål av interesse er kven eig grunnen til trallebana og kraftstasjonen? Statkraft eig trallebana, trappene og røyrgata i dag, men går ut frå at dette i tillegg til grunnen var i NACo sitt eige da det vart bygd.

Korleis stiller Norsk Hydro seg til å rive trappene og trallebana dersom dei eig grunnen? Snart det siste vi har av industrihistorie i Høyanger.

Var Norsk Hydro som grunneigar med å bestemme at tunnellen til Eriksdalen ikkje var for folk flest?

Kunne utleige av Norsk Hydro sine jakt og fiskerettigheiter finansiere noko av vedlikehalde av trallebana/trappene ved vidare drift?

Og i same slengen; som grunneigar i område med planlagt vindturbinar, er Norsk Hydro for eller i mot? Dette spørsmålet fordi ein ville kunne sjå turbinane frå Nova om dei vert bygd som planlagt.

Til slutt vil eg sei at ein sti til Nova kun blir for dei spreke. Medan grunneigarar og hytteeigarar kan køyre bil inn i Langedalen like til Hardbakkavatnet og hyttene sine. Her får vi same opplegget som bommen til Breidalen. Allmugen (og turistane) vert utestengt om dei ikkje brukar beina.

⇐ Til framsida
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord