Lokale nyhende frå Ytre Sogn 12. desember 2017
Ytre Sogn 12. desember 2017

Annika Beinnes, Anita Nordheim og Marte Kristine Nordheim Grønvold syng saman på Joss kommande fredag.

Klart for Toto Tribute på Joss

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 7. desember 2017

Musikkmiljøet i Høyanger har ein lang tradisjon for å covre kjende band, og førstkommande fredag står det amerikanske bandet Toto for tur.

Sjølv om Toto kanskje er eit ukjent namn for enkelte, har dei gjennom ei lang karriere selt om lag 40 millionar plater, og låtar som «Africa», «Rosanna» og «Hold the line» vil dei fleste dra kjensel på.
Parallelt med Toto har medlemmene også hatt karrierer som studiomusikarar. Dei kan høyrast på om lag 5000 plater, som til saman har selt ein halv milliard, til dømes «Thriller» av Michael Jackson, som er den mestseljande plata nokosinne.

Mest utfordrande

Bandet som entrar scena på Joss fredag, består av Anita Nordheim, Annika Beinnes og Marte Kristine Nordheim Grønvold på vokal, Kjetil Nilsen bass, Arvid Lønne trommer, Costel Laptes Costello keyboard og Vidar Nygård gitar.

– Kvifor Toto?

– Det er fleire grunnar til det, seier Vidar Nygard. – Tøffe låtar er sjølvsagt det viktigaste. Toto har vore eit viktig band for mange. Dessutan er det svært utfordrande å spele, musikalsk ekstremsport til tider. Dette er absolutt det mest utfordrande eg har vore med på.

Han trekk også fram at bandet består av ei blanding av unge musikarar og musikarar med lang fartstid. Men han presiserer at ung i denne samanhengen slett ikkje betyr uerfaren.

– Det er spennande å jobbe med eit band som er så ulike både med tanke på alder og musikalsk bakgrunn. At vi er ulike, er utan tvil ein ressurs, er eit synspunkt Annika og Marte deler.

Annika legg til at ho synest det er artig å bli kjent med eit band ho ikkje hadde noko spesielt forhold til.

Variert repertoar

På fredag får publikum høyre eit tverrsnitt av Toto si karriere, med hovudvekt på dei første ti åra.

– Alle hitlåtane kjem, seier Anita.

Med tre vokalistar som utfyller kvarandre og eit topptrimma band er det duka for nok ei musikalsk oppleving på Joss Pub.

– Publikum på Joss pleier å vere fantastisk, og vi håper det blir slik på fredag og, seier Anita.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord