Topp mot botn på Sletta


A-laget til Høyang tapte 1-2 for Sogndal 2 måndag kveld, men prestasjonen til heimelaget var mykje betre enn på lenge. Med litt hell kunne dei ha redda det eine poenget, men for lag som slit går det ofte feil veg.

Det var topp mot botn då Sogndal 2 kom til Høyanger måndag. Kampen gjekk på kunstgraset og det var forventa at bortelaget skulle feie Høyang av bana. Sogndal 2 kom frå 13-2 siger borte mot Førde 2 og Høyang tapte 5-2 borte mot Dale. Sidan Sogndal 2 ligg an til opprykk og kom med seks spelarar frå A-stallen var forventningane til resultatet deretter.

Les meir om kampen i dagen papirutgåve