Tommy redda poeng for Høyang


Etter ein kanonade i andre omgang fekk Tommy Skaar Værøy til slutt satt ballen i mål. Han redda med det eitt poeng i ein fysisk bortekamp mot Anga. Heimelaget tok leiinga etter ein corner, men Høyang kunne med ein god siste halvtime ha kapra alle poenga.

Høyang visste at det ville bli ein hard kamp om poenga då dei reiste til bortekamp mot Anga. Vertane hadde ein god statistikk på heimebane. Ingen tap, ein uavgjort og heile 16-2 i målforskjell var fasiten før gjestane frå aluminiumsbygda stod klare på andre sida av bana.

Les meir om kampen i Ytre Sogn