Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. november 2018
Ytre Sogn 18. november 2018

–Det er ein stor og omfattande jobb, som vi har fått med oss mange lokale firma til å hjelpe oss med, seier Ove Dyrdal..

To av seks husvære er selde

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 27. mars 2018

Interessa for dei nye husværa i Storgata 33 i Høyanger er god, og allereie no er to av dei seks husværa som skal stå ferdig til jul selde.

Etter oppkjøpet av eigedommen i fjor sommar sette det nystarta selskapet Storgata 33 AS, med snikkar og dagleg leiar for O D Bygg, Ove Dyrdal, i gang med omfattande rivingsarbeid inni bygget. No er dei klare til å gå i gang med sjølve husværa.

– Etter rivingsarbeidet innvendig er det eit stort rom i kvar etasje. Så no ventar vi berre på godkjenning frå kommunen som truleg kjem ein av dei nærmaste dagane, seier Dyrdal til Ytre Sogn.

– Når den er på plass, er det berre å setje i gang byggearbeidet, truleg rett over påske, seier han.

Husværa skal stå ferdige til jul, og vil få eit areal på 47 til 98 kvadratmeter. Interessa for dei har ifølgje eigedomsmeklar Randi Vigdal vore god.
– Vi har allereie selt to av husværa. Men kva ein kan forvente er vanskeleg å svare på, i og med at dette er eit av dei første «nybygg»-prosjekta i Høyanger sentrum, seier ho til Ytre Sogn.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

Slik vil fasaden til Storgata 33 bli sjåande ut når bygget står klart til jul.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord