Tilrår stor omstilling innan helse og omsorg i Høyanger


Dersom Høyanger held fram med å tilby tenester på same måte som i dag, vil truleg både kostnad og tal på tilsette innan helse og omsorg auke med om lag 60 prosent fram mot 2040.

Det er hovudkonklusjonen i ein rapport frå PricewaterhouseCoopers (PwC) som dei har utarbeidd på oppdrag frå kommunen. I fjor hadde Høyanger kommune ein gjennomgang av tenesteområdet oppvekst. No er turen komen til helse og omsorg, og i rapporten kjem PwC med tilrådingar som inneber å gjennomføre store omstillingar for å møte behovet for pleie- og omsorgstenestene framover. Det gjeld blant anna lokalisering og dimensjonering av tenestene.

– Kommunen bør på kort sikt vurdere å slå saman sjukeheimane til ei eining med felles leiar. På lengre sikt bør kommunen leggje opp til eit helsehus på nordsida som inneheld alle helse- og omsorgstenster, saman med ein satellitt for heimebaserte tenester og omsorgsbustader på sørsida.

Rådgjevingsfirmaet peikar også på at Høyanger tildeler fleire helse- og omsorgstenester enn samanliknbare kommunar.

– Kommunen bør styrke oppfølging av tiltaksteam og koordinerande eining, og vurdere tildelingspraksisen opp mot samanliknbare kommunar, meiner dei.

Opprette brukarutval

Når det gjeld bemanning og rekruttering, meiner PwC at kommunen bør arbeide meir målretta med å rekruttere, utvikle og behalde kvalifiserte medarbeidarar og leiarar.

– Dette fordi aldrande befolkning vil gje store utfordringar knytt til rekruttering av personell. Det er særleg sjukepleiarar og helsefagarbeidarar som vil mangle.

PwC meiner også at kommunen bør styrke brukarmedverknaden, ved å opprette brukarutval og gjennomføre brukarundersøkingar.

– Det er særleg viktig at brukarane blir involverte i utforming av helse- og omsorgsplan, og i planlegging og gjennomføring av tiltak.

Rapporten vil bli gjennomgått i fellesmøte med helse og omsorg. Deretter skal den handsamast politisk, får Ytre Sogn opplyst hos kommunen.