Tilbake til Ortnevik


– Vi har tenkt ei god stund på kva vi skulle bruke denne staden til, seier Ole Merkesvik Ådland og smiler. No har han, kona Camilla og venneparet John Eivind og Thea Elisabeth Warvik planane klare.

Det er berre nokre månader sidan han, kona Camilla og borna Joel (2 ½ år) og Anna (1/2 år) flytta tilbake til heimbygda hennar på Høyanger sørside. Med det auka også folketalet med ein god del prosent. Dei hadde nemleg med seg venneparet John Eivind og Thea Elisabeth Warvik, som også skal bu og jobbe i den vesle bygda.

– Vi tenkte ei stund på kva vi skulle bruke denne staden til, etter at vi kjøpte den frå Camilla sin familie for nokre år sidan. Vi likte oss godt i Oslo, der vi har budd siste åra, men fekk samstundes meir og meir lyst til å flytte hit. Men vi var samde om at det ikkje kom til å skje før vi visste kva vi skulle drive med her, slik at vi ikkje brukte «halve livet» på å pendle til arbeid, seier det unge ekteparet når vi møter dei i huset ho vaks opp i, med utsikt over heile Ortnevik, og vidare utover fjorden.

Det er også her dei to no vil skape sine eigne arbeidsplassar, saman med John Eivind og Thea Elisabeth som enn så lenge bur hos dei, men som etter kvart håpar å finne sitt eige i bygda. For no har dei planane klare.

– Vi er i gang med å lage til ein «retreat», det vil seie ein stad der folk kan trekkje seg tilbake frå daglege gjeremål, og få høve til å be, samtale og meditere.

Les meir i Ytre Sogn fredag!