Tilbake for å oppgradere industristadmuséet


For meir enn 20 år sidan var Pål Thomas Sundhell med og bygde opp utstillinga i Høyanger Industristadmuseum. Denne veka var han tilbake.

– Allereie den gongen museet vart planlagd ville dåverande kultursjef Sverre Erdal inkludere byhistoria til Høyanger, saman med industrihistoria som er nede i 1. etasje og arbeidarhistoria oppe i 2. etasje. Det var imidlertid tenkt som eit andre byggjesteg, men vart skrinlagd. Det vil seie heilt til no. Tremodellane som Arild Høyvik har laga av tidlegare bygg i Høyanger sentrum - og som eg no skal finne plass til i museet - fortel jo historia om korleis denne småbyen vart til, seier Pål Thomas Sundhell.

Sjølv om han no er pensjonist sa den tidlegare museumsutviklaren frå Bærum ja til å kome tilbake til Høyanger for å hjelpe dei med oppgraderinga.

– Museet har ei stor historie å fortelje, men på liten plass. Eg ser likevel føre meg at vi får dei inn som ein naturleg del av utstillinga, utan at vi mistar noko av det som allereie er, seier Sundhell, som har stått bak utstillingar på museum og informasjonssenter over heile landet.

Her i fylket har han blant anna vore med på Villakssenteret i Lærdal og Breheimssenteret i Jostedalen.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!