Til Hyllestad og Balestrand


Frank Aarebrot skal i haust på turné i Sogn og Fjordane for folkeakademiet. Mellom stadane som får besøk er Hyllestad og Balestrand.

Frank Henrik Aarebrot er professor i samanliknande politikk ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen og professor II i demokratiutvikling ved Örebro universitet i Sverige. Han foreles blant anna ved Institut des Sciences Politiques i Frankrike og ved Humboldt-universitetet i Berlin.

Aarebrot har leia fleire internasjonale prosjekt og har vore redaktør av, og medforfattar til ei rekkje bøker om demokratisering i Europa etter kommunismens samanbrot. Han forskar på nye demokrati og demokratisering, valanalyse og metodikk, europeisk integrasjon og vier mykje tid til forskningsformidling, men er i Norge kanskje mest kjent som politisk kommentator og valekspert.

Tema for foredraga hans er:
- Korleis Europa vart til
- Gullkysten- regionsreforma på Vestlandet.
- USA - kvifor Amerika er blitt så rart.
- Norge i 200 år - på 100 min

21. november kjem han til Hyllestad, medan Balestrand får besøk dagen etter.