Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. september 2018
Ytre Sogn 24. september 2018

HR-ansvarleg May Britt Torsnes (nr to f.v.) hos Nyrstar fortel at dei stadig blir spurt om å dele erfaringane sine med Loop-prosjektet. Nyleg var tilsette ved NAV Østre Toten på besøk hos Høyanger-bedrifta. F.v. Linda Bye, Irelin Hansen og Ørjan Gangnes.

Til Høyanger for å lære om LOOP

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 12. desember 2017

– Vi vil lære av dei som var med og starta det heile, seier Irelin Hansen. Saman med kollegaer frå NAV Østre Toten besøkte ho nyleg Høyanger og Nyrstar for å høyre om suksessen deira med å få ungdom ut i arbeidslivet.

Det var nemleg i Høyanger det såkalla LOOP-prosjektet starta tilbake i 2014, då tre bedrifter gjekk saman om å tilby like mange ungdomar mellom 18 og 30 år – som av ulike årsaker var hamna utanfor arbeidslivet – praksis. I løpet av eit år tilbrakte dei fire månader hos kvar av bedriftene SafeClean, Hydro og Nyrstar. Med på laget var også det lokale NAV-kontoret, samt NAV Arbeidslivssenter i fylket.

– Korleis fekk de høyre om prosjektet?

– Vi traff initiativtakar Bosse Litzheim i vår, på Mulighetskonferansen som Arbeids- og velferdsdirektoratet arrangerer kvart år. Han hadde innlegg om Loop-prosjektet, og eg tende på det med ein gong. Eg har sakna eit tiltak som dette, retta spesielt mot ungdom, og har tru på den måten å jobbe på som prosjektet hans legg opp til. Det eg fekk høyre traff meg, heilt enkelt, fortel Irelin Hansen, ungdomsrettleiar hos NAV Østre Toten, på veg ned til Nyrstar for å høyre om deira erfaringar.

Med seg har ho kollegaer frå NAV-kontoret på Lena, avdelingsleiar Ørjan Gangnes og ungdomsrettleiar Linda Bye.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord