Til Høyanger for å lære om forbetringsarbeid


Denne veka var til saman 18 deltakarar frå bedrifter som Equinor, Statkraft, Tine og Schibsted på studiebesøk for å sjå og lære om forbetringsarbeid av Hydro Høyanger, som vart «Årets norske Lean-verksemd» i 2018.

Besøket var i regi av Lean Forum Norge, som delte ut den prestisjetunge prisen til Hydro Høyanger, blant anna på grunn av det strukturerte forbetringsarbeidet deira, og gjennom svært aktiv involvering av tilsette.

I samband med dette inviterte Lean Forum Norge fleire storaktørar til eit studiebesøk hos vinnaren for å sjå og høyre om arbeidet med AMBS (Aluminium Metal Business System, red.mrk) i praksis. Deltakarane var frå Equinor, Statkraft, Schibsted Trykk Bergen, Tine Meieriet Frya, Sitep - og Lean Forum Norge.

Til Ytre Sogn fortel representant for Lean Forum Norge, Tove Løkken, at deira føremål blant anna er å leggje til rette for at medlemmane deira kan dele erfaringar og lære av kvarandre – på tvers av bransjar.

- Hydro Høyanger ser klart viktigheita av å jobbe med kontinuerleg forbetring. Arbeidet er svært godt forankra i leiinga, og dei er gode til å involvere heile organisasjonen i å skape forbetringar, og har fått fram ein forbetringskultur i bedrifta. Gjennom kontinuerleg forbetringsarbeid skaper bedrifta konkurransekraft. Dette fekk vi også stadfesta under studiebesøket, seier ho.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!