Tidleg snø gav salsauke


Årets skisesong har starta tidleg og hos Sport´n i Høyanger merkast dette både på sal og interesse. –I januar hadde vi ein omsetnadsauke på 30 prosent i høve til same månad i fjor, seier Odd Arild Løseth til Ytre Sogn og fortel at i år er det felleski kundane vil ha

Over heile landet har det i 2018 vore mykje meir snø enn vanleg og fleire stader må ein gå langt tilbake i tid for å finne liknande forhold. Dette har gjort at skisesongen har starta tidleg og at interessa for skikøyring og liknande aktivitetar har auka. Ein som har merka dette er Odd Arild Løseth hos Sport´n Høyanger, som fortel til Ytre Sogn at den gode snøen har gjort godt for butikken.

-Vi har hatt ein omsetnadsauke på 30 prosent i januar i år, samanlikna med same månad i fjor. Dette er ganske mykje, og vi ser på det som ein direkte konsekvens av dei gode snøforholda og at den kom så tidleg som den gjorde, seier Løseth

Les meir i Ytre Sogn fredag!