Thristan (17) får stipend frå idrettskrinsen


Thristan Engebø Ullebø (17) frå Høyanger er ein av i alt 15 unge idrettsutøvarar i fylket som er tildelt stipend frå Sogn og Fjordane idrettskrins.

Stipendet er på 10.000 kroner.


– Det gjer at eg kan satse vidare på idrettane mine. Så det betyr mykje, seier Thristan Engebø Ullebø til Ytre Sogn.


Han driv nemleg med to idrettar; sykling og langrenn, for høvesvis Sogn CK og Førde IL.

– Begge idrettar krev ein del utstyr, og det kan også vere dyrt. Så pengane vil nok bli brukt til det. Då blir det også litt mindre å betale for foreldra mine, seier han med eit smil.

Føremålet med stipendet å stimulere og hjelpe unge, aktive idrettsutøvarar i aldersgruppa 16-19 år til å søkje utvikling og framgang i sin idrett. 


Idrettskrinsen lyste ut stipendet i oktober, og heile 47 utøvarar frå 13 ulike idrettar søkte om å få det. Styret vedtok å gje det til 15 utøvarar som alle har hevda seg svært godt i idretten sin. Og blant dei er altså 17-åringen frå Høyanger.



Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!