Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. juli 2020
Ytre Sogn 4. juli 2020

Tharasso skal rehabilitere samfunnshuset for 20,4 mill


Journalist: May Britt Eide | Publisert: 13. juni 2020

Høyanger kommune har gitt Tharasso jobben med å rehabilitere Høyanger samfunnshus.

Det opplyste prosjektleiar Bjørn Berstad i Høyanger kommune då han tidlegare denne veka informerte formannskapet om statusen for ulike investeringsprosjekt.



– Vi må no vente ti såkalla karensdagar før vi kan inngå kontrakt. Normalt ønskjer både entreprenør og byggherre å starte opp innan fire veker etter signering. Så når karensdagame er over Når dei er må vi ha eit forhandlingsmøte, der blant anna oppstartdato vert fastsett. Tharasso har imidlertid antyda at dei truleg startar opp ei eller to veker etter signering, altså i slutten av juni, seier Berstad til Ytre Sogn.



Dei reknar med å bruke 38 veker på jobben.



Tre tilbod

Tharasso var eit av i alt tre firma som leverte inn tilbod til kommunen, og med sine 20,4 millionar kroner var dei 4 millionar kroner lågare enn neste firma.



- Dermed ligg det heller ikkje an til nokon kostnadssprekk for kommunen, noko vi er glade for, sa Berstad på møtet og viste til at dette er eit stort prosjekt. 



Han opplyste elles at dei i prosessen hadde vektlagt pris 70 prosent, kompetanse og oppgåveforståing 20 prosent og byggjetid 10 prosent.



- Vi har også gode erfaringar med Tharasso, sa han. 



Dei to andre firma som leverte inn tilbod var Kapstad og Øsen og Øvrelid.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord