Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. juli 2020
Ytre Sogn 4. juli 2020

Elise Gundersen frå Tesla Owners Club Norway og Jostein Nordvik Hauge frå Tesla Norge.

Imponert over Tesla-stasjonen

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 16. oktober 2017

– Det er på tide med ladestasjonar også utanfor byane, seier Elise Gundersen i Tesla Owners Club Norway (TOCN),

Saman med andre medlemmer kom ho i bilkonvoi til Lavik for å vere med på opninga.

– Vi har ulike arrangement i det som faktisk er verdas største klubb for Tesla-eigarar. Blant anna har vi månadlege treff, og denne gong kombinerte vi det siste med ein køyretur hit opp, for å vere med på opninga av den nye ladestasjonen i Lavik. Vi likar jo å vere der det skjer, og for oss er det stort når det opnar ein ny ladestasjon. No er det vel snart oppe i 30 totalt i Norge, og fleire skal det bli. Så får vi kombinert det med ein tur med familien, slik fleire av oss gjer i dag, seier Elise Gundersen og smiler.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

Tesla sin nye ladestasjon i Lavik er fylkets største, med i alt 10 ladestolpar
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord