Tener gode pengar på kraftutbygginga


Maskinentreprenøren A og J Bjordal AS på Høyanger sørside tenar framleis gode pengar på kraftutbygginga som pågår på Østerbø.

- Den er mykje av forklaringa på auke, ja. Likeeins utbygginga hos Osland Settefisk på Sørebø, som er rett ved Østerbø. Dei to byggjeprojekta heng jo litt i saman, i og med at steinen vi tek ut frå tunnelane som vert bygd i tilknyting til kraftverket, blir nytta til utfylling på området til Osland Settefisk, for å byggje ny stor produksjonshall. Så det var i hovdusak desse to prosjekta som gav inntektsauken i fjor, seier Atle Bjordal, som er dagleg leiar for A og J Bjordal AS, til Ytre Sogn.

I 2018 hadde bedrifta som held til i Bjordal 14,9 millionar kroner i inntekter, som er ein auke på 5,6 millionar kroner - eller 60 prosent - samanlikna med året før. Då var inntektene på 9,3 millionar kroner.

I same perioden nesten dobla årsresultatet seg, frå 958 000 kroner i 2017 til nærmare 1,8 millionar kroner i 2018.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!