Tek ungdom med på aktivitetar


Alex Ek har det siste året brukt tida si på ungdom i Høyanger. Med 20 prosent stilling som miljøkoordinator på Høyanger vidaregåande skule har Ek samla ungdom som treng aktivitetar også etter skuletid.

Gruppa han har konsentrert seg om er i ein alder som for enkelte kan vere krevjande. Han har fått disponere den tilmålte tida si som miljøkoordinator ganske fritt til no, men som den eldsjela han er, har nok timetalet han har brukt på arbeidet langt overstige det.

Ytre Sogn møtte han og 10 elevar på KaffeTelegrafen i Høyanger. Dagen før hadde dei vore i Førde og spelt paintball i lag med andre ungdomar, og no sat vinnarlaget og venta på premien sin – ein middag med Alex Ek.

Les meir i dagens Ytre Sogn

Vinnarlaget fekk ein middag på KaffeTelegrafen i Høyanger, saman med Alex Ek.

Sist helg tok Alex Ek med seg ein gjeng ungdomar frå Høyanger til Førde, på paintballturnering. I alt 19 ungdomar var med. (Foto: Privat)