Tek over drifta av ferieheim


Joakim Systaddal og Hotel Sognefjord ser føre seg heilårsdrift no som dei har inngått avtale med Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening om drift av feriestaden deira i Norevik.

Hotellet i Leirvik har også tidlegare hatt ansvar for drifta, men hadde då andre eigarar.

-Då vi kom inn vart vi gjort merksame på leigeavtalen som gjekk ut no i 2016, og måtte ta stilling til kor vidt vi ønska å halde fram med, eller avslutte den. Spørsmålet var om vi hadde moglegheit til å ta på oss det, i tillegg til drifta av hotellet i Leirvik. Vi har difor brukt ein del tid i haust på å tenkje gjennom det, samstundes med at vi har hatt fleire møte med eigaren, Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening, med ein konstruktiv dialog når det gjeld kva begge partar ser føre seg, seier Joakim Systaddal, som er styreleiar for Hotel Sognefjord, til Ytre Sogn.

Det enda med at partane vart samde om å inngå ny leigeavtale, i første omgang ut 2017. Onsdag denne veka møttest dei for å underteikne avtalen.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!