Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. oktober 2020
Ytre Sogn 20. oktober 2020

Årets Fjelljom-arrangement består av til saman fire konsertar som i løpet av september finn stad i Årdal og Høyanger. Dei to første vart på Finnsåsen og Moakamben i Årdal. Sistnemnde med gjesteartist Solbjørg Kvålshaugen. (Foto: Johnny Svåi)

Tek Fjelljom-konseptet frå Årdal til Høyanger

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 17. september 2020

For artisten Ketil Thorbjørnsen (41) i Årdal har årets Fjelljom arrangement fått eit meir alvorleg preg. Alle inntekter skal nemleg gå til å hjelpe den kreftsjuke veninna i Høyanger.

Tanken bak Fjelljom som starta i Årdal i 2018 var å foreine musikkopplevingar utandørs med naturen som bakteppe. 



– Konseptet går ut på at vi spelar på litt utilgjengelege plassar i Årdal. Dette for å kombinere kultur og natur og lage eit familiearrangement ut av det, seier han om konsertane, som er gratis, seier Ketil Thorbjørnsen (41), opphavleg frå Høyanger, men no busett i Årdalstangen, til Ytre Sogn.



– Då andre konsertjobbar vart avlyst grunna koronasituasjonen, og meldinga kom om at Hilde var blitt sjuk igjen, ønskte eg å bidra så godt eg kan til innsamlinga som allereie var sett i gong for å hjelpe ho. Det gjer at vi no tek konseptet frå Årdal til Høyanger, seier han.



Thorbjørnsen fortel at årets Fjelljom består av til saman fire konsertar som vert framført i løpet av september. 



- To av dei har allereie funne stad på Finnsåsen og Moakamben i Årdal, og dei to neste helgene står Høyanger for tur.

Førstkomande søndag stiller han åleine på Breien i Nessadalen, medan han neste søndag held siste konserten på Sauestølen i Høyanger, med resten av Fjelljom-bandet med Eivind Lægreid (bass), Øyvind Aga (perkusjon) og jazzmusikar Karl Seglem som gjesteartist.



Les meir i beste Ytre Sogn!


⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord