Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. august 2020
Ytre Sogn 14. august 2020

Kontoret hans i 3.etasje på Høyanger rådhus er i ferd med å tømmast for saksmapper og anna. – Tysdag neste veke er siste dag på jobb. Det vil seie, eg sa ja til Olav Nordgulen til å ta brannvakta natt til onsdag, som høyrer til avdelinga sine oppgåver. Men då er det slutt, seier Jostein Nyland.

Takkar av etter 42 år i Høyanger kommune

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 31. januar 2020

– Kåre Manseth, den første sjefen min sa at «Du må lære deg å seie nei. Og når du seier nei, må du også forvente å få kjeft». Og slik har det vore., seier Jostein Nyland, leiar for plan og forvaltning i Høyanger kommune, til Ytre Sogn.

Etter meir enn 40 år ved avdelinga går han no over i pensjonistane sine rekkjer. Hyllene inne på kontoret hans i 3. etasje på rådhuset er allereie i ferd med å tømmast for sakspermar og anna, og om ikkje mange dagar følgjer skrivebordet etter. Samstundes er det pågåande saker å levere vidare til andre.

– Eg har vel ikkje heilt forstått at når vi kjem til onsdag i neste veke, skal eg ikkje møte på jobb. Men det sig vel inn etter kvart, seier Jostein Nyland (65) når Ytre Sogn kjem innom.

– Ja, kva skal du finne på då?

– Alle spør om det. «Kva skal du bruke tida på når du blir pensjonist?». Då svarar eg at eg har heimar både her og i Thailand. Begge stader har eg også kjekke familiar. Så eg vil nok bruke tid begge stader. Elles vil eg også gjerne dyrke hobbyar som ikkje har blitt så mykje tid til utanom jobben, som jakt og fiske, svarar han.

Han byrja som ingeniør i kommunen i januar 1978, nyutdanna frå Norges Tekniske Høgskule (NTH) i Trondheim i desember året før.

– Eg hugsar at eg sat i intervju der oppe, til jobb som vitskapsassistent, då eg fekk telefon frå det som vart første sjefen min i Høyanger kommune, kontorsjef Kåre Manseth, om eg ville bli ingeniør hos dei. Då hadde eg vore to somrar hos dei, medan eg var student. Det sa eg ja til, heiv meg i bilen med flyttelasset, og køyrde nedover. Og allereie 2. januar 1978 byrja eg i jobben her på rådhuset, seier Nyland.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

– Det er vel ikkje så mange som har eit like langt arbeidsforhold på ein og same plass, nei, seier Jostein Nyland etter 42 år i Høyanger kommune.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord