Takkar av etter 10 år


Kjell Inge Solhaug og Per Morten Frivik takkar av etter 10 år i Vadheim Idrettslag.

Kjell Inge Solhaug har vore formann, og Per Morten Frivik har vore sekretær i Vadheim Idrettslag sidan 2009. Dei starta i verva samstundes, og no 10 år etter, takkar dei også av på same tid.

–Vi sa frå oss verva med to dagars mellomrom, men det var ikkje slik at dette var planlagd, seier avtroppande formann, Kjell Inge Solhaug.

Løft for lita bygd

Ytre Sogn møter karane ved det som er eit av dei største tiltaka til idrettslaget gjennom perioden deira, nemleg nye Vaimbley stadion.

–Det var ein lang prosess i førekant. Idrettslaget hadde spart seg opp ein del midlar, og med alvorleg mykje dugnad gjekk det eigentleg ganske fort med dette prosjektet. Bana har ein god såle med tunnelmasse under kunstgraset, så det er ekstremt stabilt, eit godt underlag.

Les meir i Ytre Sogn fredag