Takkar alle som bidrog i sløkkingsarbeidet


- Det var ikkje noko å seie på innsatsviljen til folk, seier stasjonssjef Preben Birkeland Søreide i Høyanger brannvesen etter lyngbrannen ved Vamråk natt til fredag.

Eit 20-tals personar - inkludert 15 brannfolk tilknytta depotene i Bjordal og Ortnevik - tok del i sløkkingsarbeidet, som føregjekk i ulendt terreng, like utanfor Vamråkstunnelen.



Brannen vart meldt like etter klokka 2 om natta, og det var folk på nordsida av fjorden som oppdaga flammene på andre sida.


- Dei såg at det brann i ei rundt 100 meter lang «stripe» ned mot fjorden, og melde straks ifrå. Området ligg slik til at det ikkje bur folk i nærleiken som kunne ha oppdaga brannen. Næraste hus er vel rundt ein kilometer derifrå, seier stasjonssjef Preben Birkeland Søreide til Ytre Sogn.



Hjelp frå bønder


Han fortel at brannvesenet kom fram ikkje lenge etterpå, men at dei raskt innsåg at dei ikkje greidde å ta seg ned til fots. Til det var skråninga ned mot fjorden for bratt. 



- Difor ringte vi til bønder i området for å høyre om dei kunne stille med gyllevogner, seier Birkeland og fortel at tre traktorar etter kvart kom til.



Også den lokale bedrifta Osland Havbruk vart kontakta, med spørsmål om dei hadde ein båt dei kunne låne, slik at dei også kunne drive sløkkingsarbeid frå fjorden. Og dei svara med ein gong ja.



- Vi fekk også mannskapet på ferja Tansøy til å frakte over tankbil med eit mannskap på tre over frå Høyanger. Så vi fekk ganske raskt kontroll over brannen, og hindra at den spreidde seg. 



Tre traktorar med gyllevogner fylt med vatn deltok i sløkkinga oppe frå vegen.

Årsaka ikkje klar


Årsaka til brannen er ikkje klar. Men ifølgje Søreide låg det nokre glasskår i terrenget, og det kan dere at sola som står rett på heile dagen kan ha gjort at det tok fyr. 



- Det er i alle fall veldig tørt i terrenget akkurat no.



Totalt var dei rundt 20 personar som deltok på brannstaden, og nokre dreiv ettersløkking til litt over klokka 6 fredag morgon. 



- Så det var ikkje alle som fekk like mykje søvn før dei skulle møte opp på den vanlege jobben sin, seier Søreide, og ønskjer å rette ei stor takk til alle saman.



- Det var alfa og omega for at det gjekk så bra som det gjorde, seier han. 


Brannen var i svært ulendt terreng, like utanfor Vamråktunnelen på fv 5442 mellom Bjordal og Ortnevik.

Eit 20-tals personar deltok i sløkkingsarbeidet, som pågjekk i rundt fire timar natt til fredag.

Osland Havbruk stilte med båt, slik at dei også kunne drive sløkkingsarbeid frå fjorden.

Traktorar med gyllevogner fylt med vatn deltok i sløkkinga oppe frå vegen.