Takka av etter mange års innsats for kunstlaget


- Det er like fargerikt som dama! sa Iris Kopperud om måleriet av Kjell Pahr-Iversen som ho overrekte til Reidun Haugnes - mangeårig leiar i Høyanger kunstlag - på årsmøtet torsdag kveld.

Meir enn 20 år har gått sidan ho vart leiar i kunstlaget første gong. Og sjølv om andre har hatt vervet inni mellom, er det få - om nokon - som har hatt det i like mange år som ho, totalt sett. No er det imidlertid slutt.

- I ein kvar organisasjon er det alltid ein bauta. Nokre som gjer meir enn andre. I Høyanger kunstlag er det Reidun, sa Iris Kopperud etter at årsmøtet hadde valt nytt styre, og den avtroppande kunstlagsleiaren hadde takka for seg.

Kopperud kom sjølv inn i kunstlaget då ho flytta til Høyanger på 1980-talet, og det var nettopp Haugnes som bidrog til det. Sidan har dei to følgd kvarandre, og ho sparte ikkje på lovorda om den mangeårige leiaren.

- For ein innsats dama har lagt ned! Og for ein kreativitet ho har! sa ho og fortalde om då Haugnes sat på eit føredrag om skulpturar inne i Balestrand.

- Tenk, etter å ha sett ein lysbileteserie fekk ho idéen til det som vart skulpturvandringa «Skulp(tur)» i Høyanger! Og det var ingen liten jobb å få til å samle inn så mange skulpturar som vart plassert rundt om i sentrum. Seks av dei vart for øvrig att i Høyanger etterpå. Det vart såleis ei utstilling som har sett varige spor etter seg, sa Kopperud.

Ho kom heller ikkje utanom Gunnar S. Galleriet som vart opna i Byporten i fjor, etter å ha vore jobba med i mange år, og der Haugnes var pådrivaren. Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!