Ytringar

Takk til kvardagsheltane våre som jobbar i skule og barnehage!


"Fram til no har våre tilsette i skular og barnehagar levert over det ein kan forvente. Me vil difor takke alle for det arbeidet som de alle legg ned kvar einaste dag til det beste for våre born og unge" skriv Petter Sortland og Torbjørn Vereide i innlegget sitt.

Koronaen kom brått. Tilsette i skule og barnehage har frå dag ein teke eit samfunnsansvar det står respekt av. Vi bør takke leiarane i oppvekstsektoren som brått måtte administrere skule- og barnehagekvardagen ut frå «trafikklysmodellen», pedagogar og assistentar som måtte snu «opp ned» på sine vante rutinar og gjeremål. Vi må også takke føresette og elevar i barnehage og skule som også har måtte endre på alt det vande i kvardagen.

I starten på pandemien gjekk det «døgnet rundt» for mange i oppvekstsektoren. Det var uavklara spørsmål, og sjølvsagt mange førespurnadar frå føresette. Det kom krav frå myndigheiter som skulle handterast. Vi opplevde at ein skule og bhg måtte stenge ned grunna smitte, men heldigvis var det ikkje smitte ut over dette. Kommunen fekk ein vekkjar, men samstundes fekk vi sjå kor godt apparatet fungerte når det gjaldt som mest.

Skulane og barnehagane i kommunen har jobba målretta med smitteverntiltak, og dei signaliserer at føresette har vore med å bidra frå dag ein. Det har vore heilt avgjerande.

Det var tøffast i starten på pandemien, når skule og barnehage gjekk i raud sone. For lærarar i skulen vart det ekstra tøft då dei måtte hive seg rundt og undervise digitalt. Dette måtte dei gjere samstundes som fleire av dei hadde eigne barn heime. Det vart ei bratt og brå lærings-kurve med digital undervisning i fokus.

Når vi opna opp att skulane og barnehagane i gul sone, var dette med kohortar og avstand viktige element å etterkome. På dei små einingane har dette vore lettare å handtere enn på dei største. Det har vore ein enorm logistikk for å få dette til å gå rundt praktisk, både med tanke på å sluse elevar inn i bygga, sikre trygg og smitervernvenneleg skuleskyss, samt ha nok lærarar og assistentar i dei same kohortane. Ved fråvær vert dette ekstra sårbart. Dei som har vore på jobb har måtta ta i eit ekstra tak, når kollegaer har vore vekke.

Me vil difor takke alle dei som har stått i dette arbeidet!

Det har vore mykje forventingar frå fleire hold. Det har utvilsamt vore krevjande for dei tilsette. Ein har ulike oppgåver og forventing om korleis problemstillingar skal løysast, men det er ikkje alltid gitt kven som skal gjere det. Dette kan fort handle om rollekonflikt. Difor har det vore bra at tillitsvalde også har vore tett på i arbeidet i pandemien.

I barnehage og i småskule er dette med avstand ikkje så lett å gjennomføre i praksis. Born treng omsorg og nærleik. Her har det vore viktig at føresette har vore ekstra påpasselege med å ikkje sende born med på symptom på forkjøling i barnehage eller skule. Dette har dei vore flinke til å etterkome.

I Høyanger har vore faste statusmøter med tilsette der me har hatt med oss smittevern-lege, tillitsvalde, og andre relevante aktørar. Ein har fått rapport på status i kommunen, samt kunne stille spørsmål om smittevern. Her har ein hatt moglegheit for å diskutere stress og press, og korleis ein skal og bør handtere slike situasjonar. Dette har trygga leiarane i jobben dei gjer ut mot einingane sine, som igjen tryggjar dei tilsette.
Covid-19 pandemien har sett oss alle på prøve. Fram til no har våre tilsette i skular og barnehagar levert over det ein kan forvente. Me vil difor takke alle for det arbeidet som de alle legg ned kvar einaste dag til det beste for våre born og unge.

Tusen takk.