Tage (36) kan bli Årets Avløysar i Norge


- Oppvaksen på industriplassen Høyanger var det vel ikkje gitt at eg skulle ende opp med å jobbe i landbruket, seier Tage Nondal (36) og ler.

Denne veka fekk han beskjed om at han var stemt fram til Årets Avløysar i Vestland fylke. Det betyr at han vidare i konkurransen om å bli Årets Avløysar på landsbasis.



- Det er veldig kjekt, sjølvsagt, og er vel også ein pekepinne på at ein har gjort noko rett, seier Tage Nondal til Ytre Sogn.

Kvart år sidan 2000 har Norske Landbrukstjenester (NLT) kåra Årets Avløysar. Det gjer dei med bakgrunn i at dei gjer ein ein viktig jobb og er ein føresetnad for at bonden skal få ferie /og ikkje minst hjelp ved sjukdom og kriser.



- Eg byrja som god, gammaldags dreng på garden på Hjetland i 1998, då eg var 14 år, og var med på både fjøsstell, våronn og mykje anna. Det held eg fram med også då eg etter kvart byrja å jobbe på metallverket, seier Nondal. 



Han fortel at han likte seg godt begge stader, men bestemte seg etter kvart for å satse på jobb i landbruket, og i 2007 hadde han fullført agronomutdanninga på Mo og Jølster vidaregåande skule. 



- Så eg hadde nok ikkje vore der eg er no, om det ikkje var for åra på garden på Hjetland. Derifrå har eg berre gode minne, seier han.



- Kva var det med jobben du likte?
 - Det er noko med variasjonen i jobboppgåver. Du følgjer naturen gjennom året, og får vere både ute og inne, svarar Nondal.


- Og så har eg alltid likt å jobbe med dyr, legg han til.


Du finn meir om konkurransen på nettsida wwww.landbrukstenester.no

Les meir om Tage i neste Ytre Sogn!