Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. august 2019
Ytre Sogn 26. august 2019

Maskotane vart fort populære blant små og store fjellentusiastar.

Synkenhytta vart offisielt opna

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 4. juni 2019

– ­Denne hytta, den eig vi lag, ingen meir enn andre, sa ordførar Petter Sortland då han søndag opna dagsturhytta ved Kråkosen, som har fått namnet Synkenhytta.

Synkenhytta har vore i bruk sidan desember 2018, men det var no på søndag – i samband med Høyangerdagane – at den vart offisielt opna av ordføraren. Ordførar Petter Sortland nytta høve til å takke grunneigarane, alle som har gitt gåve til hytta, Bornas turlag Kyrkjebø og alle andre som har bidrege tidelgare og på sjølve opningsdagen

Takka eldsjelene
– Idrett og fysisk aktivitet som ein bærande faktor for auka trivsel og betre folkehelse har hatt gode vilkår i Høyanger i over 100 år, sa Petter Sortland i talen.
– Eg kan nemne tennisbane på Dale, skistall på fjellet, badehus- og roklubb i Skjeggestranda, HIF hytta på Grimsosen, HIF bakken på Siplo, Falkenhytta, Toppenhytta og det flotte skianlegget. Takk til alle eldsjeler! sa han.
– I dag må eg også få lov å tekke fram Atle Skrede ved kulturavdelinga til Sogn og Fjordane Fylkeskommune som klekte ut idéen om ei dagsturhytte i alle 26 kommunane i fylket. Ei hytte som vi alle eig saman. Atle fekk tidleg respons hjå Pål Fidjestøl i sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane. Dei har finansiert store delar av sjølve hyttene, sa ordføraren i talen.

Les meir om opninga i Ytre Sogn tysdag!

Tre generasjonar Haugen ved Lavvoen som var sett opp ved Synkenhytta F.v. Geir Ole Haugen, son Gaute Pedersen Haugen og soneson Ole Levi Haugen kosa seg saman ute i naturen.
Maskotane vart fort populære blant små og store fjellentusiastar.

 

 

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord