Syklist med ambisjonar


André Kjønås Heggø vann nyleg gull og bronse i årets sykkel-NM for juniorar. No er 17-åringen frå Høyanger heime på ferie, men det blir ikkje noko latmannsliv av den grunn.

Når Ytre Sogn møter han er det mellom fleire treningsøkter same dagen, for trenaren har kontrollen sjølv om det er ferie. På mobilen har han ein applikasjon (app) som trenaren styrer. Denne dagen fortel den at han skal ha fire timar med trening.

Han har nettopp gjort unna ein sykkeltur ut til Norevik og tilbake til Høyanger sentrum. Der har han delteke i ein reklamefilm som Høyanger kommune er i ferd med å lage. Så er det tid for ein prat med lokalavisa før neste økt, som er å sykle opp på fjellet i Høyanger og ned igjen.

– Eg elskar å trene, så det har eigentleg ikkje vore tema å gjere noko anna, seier André.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!