Sykkelfest på Kyrkjebø


Torsdag var 90 syklistar i ålderen 0-12 år samla på idrettsbana på Kyrkjebø for å delta i sykkelrittet Tour of Norway for kids

Ei av deltakarane som stilte til start i strålande sommarvêr var sju år gamle Leah Nes Kyrkjebø frå Kyrkjebø. Den unge jenta som denne dagen stilte med ny flott og lilla sykkelhjelm fortel til Ytre Sogn at ho tykkjer det er veldig kjekt å sykle, noko ho har gjort sidan ho var fire år gamal.
-Det var gøy å vere med her i dag, men og veldig slisamt,fordi vi måtte sykle rundt bana to gonger. Løypa er litt vanskeleg men eg har sykla den nokre gongar tidlegare, så det gjekk bra fortel ho.

Sykkelrittet Tour of Norway for kids starta i 2005 og er landets største sykkelritt for barn. Rittet er ope for alle mellom 0 og 12 år, det er gratis å delta og alle får premie.

Les meir om sykkelrittet i Ytre Sogn tysdag!