Svært krevjande budsjett for Høyanger kommune


–Det er svært krevjande å få budsjettet for 2018 i hamn. Dette var bodskapen frå rådmann Arve Varden då han tysdag orienterte formannskapet om budsjettarbeidet. Kostnadane våre aukar medan inntektene går ned.

–Dette blir ekstremt krevjande. I den tida eg har vore rådmann  har eg aldri vore ute  for noko liknande. Etter å ha gjennomført store kutt til no har vi framleis  underbalanse på 5,4 millionar kroner.

Varden vurderer å tilrå at ein skal balansere budsjettet for neste år ved bruk av fond. Per no klarer ein ikkje å balansere utgifter og inntekter utan å bruke disposisjonsfondet.

Les meir i dagens papirutgåve