Lokale nyhende frå Ytre Sogn 2. juni 2020
Ytre Sogn 2. juni 2020

-Dette er veldig inspirerande, sa ordførar Petter Sortland då han onsdag fekk overrekt gåvesjekken på 400 000 kroner frå Hydro Høyanger. F.v.: fabrikksjef Arne Martin Kjærland, ordførar Petter Sortland, tillitsvadt ved Hydro Høyanger Lars Kjetil Skeie, personalsjef Jonny Manseth og fagleiar HMS/arbeidsmiljø Laila Hjelmeland Hovland.

Svært glad for pengegåva frå Hydro

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 20. mai 2020

Eg vart svært overraska då eg fekk telefonen frå Hydro, men dette er veldig inspirerande, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland. Onsdag fekk han overrekt gåvesjekken på 400 000 kroner frå Hydro Høyanger

– Vi må forvalte den  på best mogleg måte for frivilligheita. Donasjonen er øyremerka velgjerande frivillige føremål innanfor idrett og kultur i lokalsamfunnet, som har fått store utfordringar som følgje av Covid-19-pandemien. Ungdom i aldersgruppa 12-19 år er nokon ein har eit ekstra blikk på, seier Sortland og legg til at ei arbeidsgruppe no vil jobbe med dette.

Den vil – i tillegg til ordførar – bestå av representantar frå Hydro Høyanger, tenesteområda Kultur og folkehelse og Plan og utvikling, samt leiaren i ungdomsrådet.

– Vi skal ganske snart ha første møte der vi kjem til å lyse ut slik at folk kan kome med forslag og idéar. Fristen for innsending er ei veke, slik at alle forslag må vere på plass innan onsdag i neste veke, sa Sortland.

Håpet hans er at denne gåva skal utløyse kreativitet i det kommunale systemet, der dei også kan vere med å bidra, samt  at andre lag og organisasjonar og bedrifter i lokalsamfunnet følgjer på.

Godt samarbeid

Som Ytre Sogn tidlegare har fortalt, donerer Hydro Høyanger gavesjekken på 400 000 kroner til idretts- og kulturføremål i lokalsamfunnet som har erfart svikt i inntekter og aktivitetar som følgje av Covid 19-pandemien.

-Grunnen til at vi gjer dette er det gode samarbeidet vi har hatt med vertskommunane i denne tida. Utan det hadde vi fått store utfordringar med å halde ting i gang. Så dette er ein måte å takke innbyggjarar og alle andre for godt samarbeid, seier fabrikksjef Arne-Martin Kjærland til Ytre Sogn.

Tillitsvald Lars Kjetil Skeie seier at Høyanger Kjemiske industriarbeiderforening (HKIF) er stolte av å få til ein slik donasjon, i lag med de andre LO-foreiningane i Hydro.

– Vi må også gje skryt til den sentrale leiinga for at dei bidreg til  å avhjelpe problema som koronapandemien har påført vertskommunane. Samstundes er dette er ei stadfesting på at kommunane har bidrege til at dei tilsette har halde anlegga i gang i desse utfordrande tidene, seier Skeie.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord