Suenprisen 2019 til Benjamin Vågen


Kriteriane for å få Suenprisen er stå-på-vilje, god lagånd, gode haldningar og godt humør. I år var det Benjamin Vågen som oppnådde den gjeve prisen.

Torsdag kveld var det avslutning i IL Høyang Fotball for aldersbestemte grupper i kantina på Høyanger vidaregåande, og mange var spente på kven som ville få «Suenprisen» 2019.

Rune Sviggum, best kjend som Suen, var ein ivrig fotballspelar, fotballtrenar og fotballentusiast det meste av livet sitt. Han var og journalist og dei seinare åra redaktør i lokalavisa i Høyanger, Ytre Sogn, til han gjekk av med pensjon ved årsskiftet 2017/2018. Diverre døydde han brått allereie i mars 2018. Minnegåva i samband med gravferda hans tileigna familien fotballgruppa i IL Høyang og fotballgruppa funderte på kva dei skulle bruke pengane til. Dei kom fram til at ein pris var heilt i Suen si ånd.

I år var det andre gong prisen vart delt ut, og på vegne av familien var det Gunnar Sigmar Håre som sto for overrekkinga.

– Eg er glad for at det er Benjamin Vågen som får den i år. Han er ein verdig vinnar ved å komme til alle treningar og elles har dei eigenskapane vi ser etter når vi skal finne kvalifiserte spelarar til prisen, sa Håre.

Han fortalde vidare litt om Suen og kva han sto for. Deretter fekk Benjamin ein flott diplom og ein gåvesjekk på 2.000 kroner som er gitt av minnefondet og Ytre Sogn avis.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!