Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. april 2018
Ytre Sogn 23. april 2018

«Suen» har gått bort

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 2. april 2018

Det var med stor sorg vi i Ytre Sogn i helga fekk beskjeden om at redaktøren vår inntil i januar i år, Rune «Suen» Sviggum, har gått bort.

Han sovna stille inn i heimen sin i Høyanger påskeaftan, 62 år gamal.

Med det har ikkje berre vi i avisa mista ein kjær og nær kollega og venn – Høyanger og resten av fylket har også mista ein markant avismann.

Tankane våre no går først og fremst til familien hans.

For avisa

Marianne Taule og May Britt Eide

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord