Studentlivet frå innsida


Saman med kjærasten Espen Bakketun (22) vil Silje Fjæren (21) frå Høyanger vise studentlivet i Sogndal frå innsida.

– Det var eigentleg kjærasten min, Espen, som er frå Odda og tek lærarutdanning i Sogndal, som fekk idéen til filmprosjektet. Han hadde sett mange promovideoar frå høgskular og universitet rundt om i landet, som hadde til felles at lite handla om kva studentlivet har på by på, utanom førelesingar. Det er jo mykje som skjer, både på og utanfor skulen sitt område. Så det bestemte vi oss for å gjere noko med, fortel Silje Fjæren (21) frå Høyanger til Ytre Sogn.

Difor starta ho og kjærasten tidlegare i år filmproduksjonsselskapet Befeather Productions, som står bak «Student i Sogndal».

No er dei klare med første episode. Den er lagt ut på Youtube, i tillegg til på deira eiga Facebook-side, også den med namnet Student i Sogndal".

Ho fortel at den tek føre seg studiestart og fadderveke i Sogndal.

– Kamera følgje Espen, og viser studentlivet sett gjennom augo hans. Sjølv har eg hovudansvar for filminga, men vil nok dukke opp framfor kamera inni mellom eg også. Vi skal jo følgje han både på og utanfor skulen, seier Silje.

Les meir om filmprosjektet deira i papirutgåva fredag!