Største barnekull i Ortnevik på 50 år


- Etter det eg har fått vite må vi heilt tilbake til 1970-talet sist det var eit like stort barnekull i Otnevik, altså for nesten 50 år sidan, seier Silje Knutssøn (31), medan ho voggar barnevogna med sonen Mika (5 mnd) i.

Sidan november i fjor har det nemleg kome ikkje mindre enn fire nye born i Ortnevik. Og eit femte er på veg. Det betyr at talet på innbyggjarar i i den vesle bygda på Høyanger sørside berre på nokre månader har auka med vel ti prosent.

- Men det var ikkje slik at vi planla det, altså, seier Thea Warvik (23) og ler.

Vi møter ho, Silje Knutssøn (31), Camilla Merkesvik Ådland (30), Iselin Vollan Aakvik (24) og Hannah Hewitt (27) utanfor nærbutikken, som gjerne er møteplassen deira i Ortnevik. Med seg har dei Amadeus (4 mnd), Mika (5 mnd), Jakob (4 mnd) og Jeanett (1 mnd).

To av mødrene, Silje og Camilla, har vakse opp i bygda, og flytta tilbake i vaksen alder. Dei tre andre - Thea, Iselin og Hannah - er alle tilflyttarar.

- Eg og Fredrik, mannen min, hadde ein prat om kva vi ville i liva våre. Noko av det vi var einige om var at vi ville busetje oss på ein liten plass, seier Silje, som har brukt siste året på å byggje hus.

Det stod ferdig i november, og ho og Fredrik rakk å bu i det nokre dagar før Mika melde ankomsten sin. Men kanskje viktigaste grunnen for at dei valde å busetje seg i Ortnevik, er ønskjet om å kunne bidra inn til eit lokalsamfunn.

- Samstundes får vi gitt gleda av dette vidare til neste generasjon, seier ho.

Camilla nikkar.

- Vi tenkjer at dette er ein trygg og fin plass for borna å vekse opp. Alle kjenner alle, og her kan dei vere ute og leike utan at vi treng å følgje med heile tida, seier Camilla, som kom tilbake til Ortnevik for snart to år sidan, med mannen Ole og borna Joel (3 1/2) og Anna (2). Og i desember i fjor kom nummer tre, Jakob, som no er fire månader.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Sist gong det kom nye born til verda i Ortnevik var for over ti år sidan. No har det kome fire berre sidan november. Og i august kjem nummer fem. F.v.: Silje Knutssøn, Thea Warvik, Iselin Vollan Aakvik, Camilla Merkesvk Ådland og Hannah Hewitt.