Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. juli 2020
Ytre Sogn 4. juli 2020

Bilfinger brukte kring fire veker på jobben. f.v. Asle Værøy, Anders Hesjedal og Trygve Fjelde.

Storebrua er tilbake i gammal drakt

Journalist: Cecilie Skogheim | Publisert: 15. juni 2020

Storebrua i Høyanger er ferdig rehabilitert, og inspirasjonen for den “nye” brua er slik ho såg ut for 60 år sidan.

Nokon hugsar kanskje Storebrua som kvit, medan nokon hugsar ho kanskje best slik ho var før det.

– Brua må jo uansett vedlikehaldast, så det var naturleg at brua fekk tilbake sin gamle stil no, seier avdelingsingeniør i Høyanger kommune, Asle Værøy.
Han fortel at arbeidet er eit ledd i koronatiltaka for lokalt næringsliv.

God respons

Det er Bilfinger i Høyanger som har stått for jobben.

– Vi har målt brua svart med ornament i gull, fortel Trygve Fjelde, prosjektleiar i Bilfinger.

– Og vi har alt fått mykje god respons, legg prosjektingeniør i Bilfinger, Anders Hesjedal til. Karane tykkjer det er stas å gjere slike jobbar i nærområdet.

– Det er kjekt med slike oppdrag innimellom og. Arbeidet vi har gjort her syner godt igjen for folka, og det er kjekt, seier Fjelde.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Slik såg brua ut før (foto: Høyanger Kommune).
Rehabiliteringa av brua er inspirert av dette biletet som er teke på 1960-talet (foto: Hydro sitt bildearkiv).
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord