Store pengegåver til prosjekt frå Høyanger


–Det var overraskande, men veldig gledeleg å bli ropt opp som ein av vinnarane, sa gjengen frå Kyrkjebø køyre – og rideklubb. Saman med Reodorgarasjen vart dei to prosjekta frå Høyanger kommune tildelt høvesvis 125 000 og 75 000 kroner under «Hjartebank for Sunnfjord» i Førdehuset onsdag kveld.

Det er 17 gang «Hjartebank for Vestlandet» vert arrangert på sju plassar, ei markering der Sparebanken Vest deler ut samfunnsutbytte med ein million kroner til ulike prosjekt. Onsdag kveld var turen kome til Sunnfjord og Førdehuset der ni vinnarar frå kommunane Førde, Jølster, Naustdal, Gaular og Høyanger fekk overrekt store gåvesjekkar til sine prosjekt.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!