Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. desember 2019
Ytre Sogn 14. desember 2019

– Sjølv om eg tykte det var litt flaut å sjå meg sjølv på lerretet så hadde eg svart ja om nokon hadde spurt meg om å bli med på noko likande igjen, seier Håkon Gunnarskog om å vere hovudperson i «Bli med heim».

Stor premiérefest for Håkon

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 1. november 2019

Etter månader med venting var det tysdag kveld endeleg klart for premiére på episoden av NRK Super-serien «Bli med heim», der 9 år gamle Håkon Gunnarskog frå Høyanger er hovudperson.

Episoden som vart vist fram for publikum i samfunnshuset i Høyanger tysdag kveld handla om gleda med det å spele i korps, og gav eit innblikk i kvardagen til den unge trombonespelaren og familien hans, som alle er engasjerte i korpsmiljøet i bygda.

Til Ytre Sogn fortel han og kompisane Nataniel A. Nessestrand og Heine Johansen som og er med i episoden at det var litt flaut å sjå seg sjølv på filmlerretet.

– Då vi vart filma måtte dei gjere fleire opptak fordi vi ikkje alltid hugsa kva vi skulle seie. Det var gøy å sjå korleis den ferdige episoden blei, men også veldig flaut, seier dei tre og ler.

Men sjølv om det vart mykje filming og seinare lydopptak der Håkon var i studio for å lese inn forteljarstemma si til episoden, tykkjer hovudpersonen at det har vore ei kjekk oppleving.

– Det har vore veldig gøy å vere med å gjere det saman med familien og kompisane mine. Og sjølv om eg tykte det var litt flaut å sjå meg sjølv på lerretet, så hadde eg svart ja om nokon hadde spurt meg om å bli med på noko likande igjen, seier han.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

 
 
 
 
 
 
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord