Kvinnedagen vart i år som i fjor markert med ei tilstelling på Øren Hotel. Åse Christin Sæbøe, Lynn-Malin Fossheim og Siw Hege Høyvik Øren kunne gle seg over at meir enn 100 møtte opp for å feire kvinnedagen i Høyanger.
–Det kom over 100 kvinner og stemninga var god. Så fekk vi flotte appellar av Aasa Fredriksen Grønvold, Kjellaug Brekkhus og Kristine Kopperud Timberlid, der viktige tema vart belyst. Vidar Nygård spelte gitar og Thea Gunnarskog sang ein nydeleg song for oss, og til slutt fekk vi eit flott moteshow. Alt i alt vart det ein veldig trivelig kveld. Så vi er godt nøgd med tilstellinga, seier Lynn-Malin Fossheim. Thea Gunnarskog og Vidar Nygård underheldt med song og gitar. Les meir om 8. mars markeringa av kvinnedagen i Ytre Sogn tysdag