Lokale nyhende frå Ytre Sogn 12. desember 2017
Ytre Sogn 12. desember 2017

Eit knippe av bidragsytarane til «Årbok Høyanger 2017». Frå venstre Jan Anders Timberlid, Bjørg Eli Nese, Bjørn Johan Hjelmeland, Geir Ytredal, Gaute Ljotebø, Aud Andreassen og Odd Eriksen.

Stor interesse for idrettshistorie

Journalist: Vegar Volle | Publisert: 4. desember 2017

Det var godt frammøte då Høyanger historielag fredag kveld lanserte «Årbok Høyanger 2017».

Årboka er i sin heilskap via idrettshistorie frå Høyanger kommune, sidan det i år er 100 år sidan den organiserte idretten starta i Høyanger.

I 40 år var det to klubbar i Høyanger, Høyanger idrettsforening (HIF) som var for funksjonærane, og Sportsklubben Falken som var arbeidarane sin klubb. I 1957 slo dei seg saman og IL Høyang vart skipa.

– Det var spesielt at idretten var politisk. I 40 år var det to idrettslag i Høyanger, og til tider var det harde tak mellom Falken og HIF med omsyn til dei ulike interessene. Til dømes var det kamp om kven av dei borgarlege og arbeidarane som skulle ha tilgang til fotballbana, fortalde Jan Anders Timberlid, ein av dei mange bidragsytarane til årets årbok som var til stades under lanseringa fredag kveld.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

Rundt 30 personar møtte fram til lanseringa av årboka på Joss pub fredag kveld.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord