Stor folkefest i Hyllestad


Med song- og danseinnslag frå scena og framsyning av ulike aktivitetar vart Hyllestad si nye storstove opna laurdag.

Både store og små hadde teke turen til Hyllestad for å sjå og vere med på opninga, og både ute og inne i hallen var det berre smilande ansikt å sjå. To som smilte ekstra breitt var det unge biljardtalentet Astrid Eiken Flage og Kurt Hatlem som var med og starta biljardklubben i Hyllestad tilbake i 1997.
-Vi har fått ein flott storsal med åtte biljardbord, som alle i dag kan få prøve. Kompetansen vi har i biljardmiljøet her i Hyllestad er heilt fantastisk og det å ha fått ein storsal som no blir Hyllestad biljardklubb sitt nye treningslokale er utruleg bra og veldig spennande, seier Hatlem.

Les meir om opninga i Ytre Sogn tysdag!