Stine (29) bur i kriseråka Lombardia


- Det er ein uverkeleg situasjon, seier AC Milan-spelar Stine Hovland (29) frå Vadheim.

Ho bur midt i regionen Lombardia, i det landet i verda som akkurat no er hardast råka av koronaviruset. Så langt er det meldt om nærmare 5500 dødsfall i Italia, og over 60 prosent av dei har skjedd i regionen der blant anna storbyen Milano ligg.



- Det er ein veldig spesiell, ja nærast uverkeleg situasjon. I det siste har tala berre stige, endå reglane for kva ein kan - og ikkje kan gjere - gjere har blitt strengare. Men forhåpentlegvis kjem det snart positive nyhende om smitte- og dødstal som går ned, seier Stine Hovland til Ytre Sogn.



29-åringen frå Vadheim kom til storklubben i Milano i fjor sommar, etter å ha spelt fleire år for Toppserie-laget Sandviken i Bergen. 

Men så mykje fotball har det ikkje blitt på ho og lagvenninnene siste vekene. 5.mars var sist dei var samla til trening på Vismara, og kor lenge det blir til neste gong veit ho ikkje. Dei kan nemleg berre gå ut for å oppsøkje butikken eller apoteket. Elles må dei halde seg inne, noko som betyr at dagane kan bli lange.



- Men heldigvis har eg ei islandsk lagveninne som no har flytta inn i leilegheita mi, og det hjelper veldig på. Vi prøver å halde humøret oppe, sjølv om nokre dagar er tyngre enn andre. Men vi må bere ta ein dag om gongen, seier ho. 


Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!